|
|

Velkomen til Sandven FUS barnehage!
Me satsar på KUNST, KULTUR OG KREATIVITET Me har fokus på dei gode opplevingane Me er aktive, deltakande og engasjerte vaksne
Sandven FUS barnehage er ein fargerik og moderne barnehage for 78 barn (pr august 2012). Barnehagen ligg sentralt plassert i Norheimsund, med eit fint område rundt.
Gjennom prosjektarbeid står prosessen i fokus. Me har to store prosjektperiodar i året, minst ein av dei med fokus på kreative fag. Dette er eit fagområde med rikeleg høve til tverrfagleg arbeid og meiningsfulle opplevingar, god læring og sosiale møtestader. Barn sin medverknad vert naturleg teke vare på i kreative og skapande prosessar. Fantasien har ingen grenser!
Barnehagen er open frå kl. 06.45 til 17.15.
|
|
|
|
|
|
|
|